Velkommen til Sunnhordland Padleklubb

Aktiviteter

Sjekk ut aktivitetskalenderen vår for å få en oversikt over alle våre arrangement!

Grunnkurs 2026

Grunnkurs 2026

Kurskalenderen for 2026 er klar. Finn det kurset som passar for deg i kalenderen over, eller under menypunktet KURS. Meld deg inn i klubben først, om du ynskjer det, og få kursrabatt, før du melder deg på kurs, for at påmeldinga til kurs går greiast.

Les mer
Bli medlem og lån kajakk gratis

Bli medlem og lån kajakk gratis

Bli medlem i padleklubben og lån kajakk gratis! Som medlem i padleklubben kan du låna klubben sine kajakkar gratis. Val av kajakk kan vera vanskeleg om du planlegg å kjøpa din eigen kajakk. Då er det lurt først å låna og testa ut dei 10-12 ulike kajakkane som Sunnhordland padleklubb har, og gjerne få gode tips frå erfarne padleinstruktørar på førehand. Alt gratis. Føresetnaden er at du har gjennomgått og bestått grunnkurs i havpadling etter Padleforbundet sitt oppsett. Klubben arrangerer grunnkurs gjennom sommaren, frå juni og ut september. Kursa blir annonsert på Sunnhordland Padleklubb sine facebookside og her på heimesida, og går over to dagar, totalt 16 timar. Kurset er ikkje meir krevjande enn at "alle" kan gjennomføra. Kurset kostar kr 1650 for medlemmer. Andre prisar for studentar og ungdom. Medlemskap i klubben kostar kr 400 pr år, og totalt kr 500 for to eller alle i familien. Du melder deg inn i klubben her på heimesida under 'Meld deg inn i klubben' på framsida. Velkommen til å låna kajakk

Les mer
Grunnkurs

Grunnkurs

Kva gjere me på grunnkurs? Her er ein liten forsmak på kva som møter deg på eit grunnkurs hos oss. Sjå videoen, og meld deg på eit av grunnkursa våre.

Les mer
Kvifor ta grunnkurs?

Kvifor ta grunnkurs?

Mange kjøper kajakk og legg ut på padletur utan nærare kunnskap om padling og det å kunne ta vare på eigen tryggleik. I grunnkurset for havpadling lærer du nettopp dette. Eit utruleg nyttig kurs. Kurset er for alle og særleg retta mot dei som er utrente padlarar. Det er eigne, tilpassa kurs for unge padlarar

Les mer
Nina padlar kajakk for første gong

Nina padlar kajakk for første gong

Padleklubben har laga ein film om padling for nybegynnarar. Nina Sele, skodespelar frå Bømlo, prøver seg som padlar. Det går jo ikkje heilt bra...! Men ho får god hjelp frå kyndig instruktør.

Les mer